Kjære kunde

Grunna korona pandemien som herjar i landet vårt er bestillingskalenderen vår stengt inn til vidare.

 
Motta tilbod og nyheiter først
 

Alle våre prisar inkluderer køyring til og frå kunde innanfor Bømlo Kommune. Grunna kapasitetsproblem tek me normalt ikkje oppdrag utanfor Bømlo.

Høver godt etter 5 års driftstid. Reingjering ventilar - Rens av avtrekkskanalar - Innvendes kamerainspeksjon

Kr 2.145,-

Høver godt etter 10 års driftstid. Reingjering ventilar - Rens av avtrekkskanalar - Rens av tilluftkanalar - Innvendes kamerainspeksjon - Luftmengdemåling / Innregulering

Kr 2.790,-

Reingjering ventilar - Rens av avtrekkskanalar - Rens av tilluftkanalar - Innvendig kamerainspeksjon - Reingjering varmevekslar - Reingjering vifter - Innregulering luftmengde

Kr 3.790,-

Cleanvent BALANSE

Høver godt for nye anlegg. Innvendes kamerainspeksjon samt luftmengdemåling / Innregulering.

Kr 1.595,-

Please reload

 
Send oss ei melding
 

I bustaden din er inneklimaet ein viktig faktor for å kunna trivast. Inneklima kan høyrast komplisert ut men tek du godt vare på ventilasjonsanlegget ditt og elles fylgjer gode råd kan du vere trygg på at du har eit godt inneklima.

Husk på at det er sjeldan folk og fe vert sjuke av frisk luft.

Vår målsetjing er at du som kunde skal vere 100% nøgd med det arbeidet me har utført. Difor samarbeidar me tett med både kundar og leverandørar for å tilpassa våre tenester til marknaden. 

Me har full forståing for at ikkje alle synest at støvbelegg, CO2 nivå, fukt og temperatur er kjempespennande, men me håpar at me gjennom nettsida og kundebesøk får formidla det som er naudsynt for kunden, nemleg at ventilasjonsanlegget må vedlikehaldast for at inneklimaet skal bevarast på eit sunt og helsemessig godt nivå. Spesielt i nyare bustader er dette særs viktig.

Me tok tidlegare kundar frå heile Sunnhordland, men for å sikre tilstrekkeleg kapasitet har me valt å redusere vårt arbeidsområde til kun Bømlo.

 

Bur du utanfor Bømlo og har problem med å skaffe kvalifisert hjelp til reingjering av anlegget ditt ber me deg ta kontakt så vil me hjelpe deg så godt som råd er.

  • Facebook Social Ikon
  • Instagram Social Ikon